Illustrasjonsbilde av eksplosjon (Colourbox).

Arbeidstilsynet: Har du høyrt om ATEX?

ATEX tyder eksplosiv atmosfære. Ei atmosfære der alt ligg til rette, kan eksplodere. Vi snakkar ikkje om kuler, krutt og dynamitt, men om brannfarleg stoff som støv, gass, damp og væsker. Ei eksplosiv atmosfære er ei oppsamling av gass, væsketåke, støv eller damp blanda med luft i ei blanding som er eksplosjonsfarleg og kan tennast med ei tennkjelde. I ei rekkje verksemder er eksplosjonsfare ein stor risiko.

Det er mange faktorar som må vere til stades for at det skal oppstå ein støv- eller gasseksplosjon, men eksplosjonsfare kan oppstå i bransjar der det vert produsert eller nytta brannfarleg stoff. Heldigvis er det sjeldan at det oppstår alvorleg personskade, men det skjer langt fleire hendingar enn kanskje dei fleste av oss er klar over.

Risikoen for eksplosjonsfare er eit produkt av to faktorar:

  1. Kor sannsynleg det er at eksplosiv atmosfære er til stades, og at det også er ei tennkjelde der? Denne er ofte liten.
  2. Kva konsekvens vil ein eksplosjon kunne få? Denne kan vere voldsom.

Døme på verksemder der det kan oppstå eksplosiv atmosfære er næringsmiddelindustri, fòrindustri (fisk, dyr), farmasi, gjenvinning, varmesentralar, kjemisk industri, lakk, trebearbeiding, metallindustri, verkstader, med fleire.

Ulukker eller hendingar

I 2022 har Arbeidstilsynet og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap fanga opp 7 hendingar som er ATEX-relatert. I 3 av desse har totalt 4 personar fått skadar som følgje av eksplosjon.

Det er ofte tilfeldig at vi får informasjon om eksplosjonar som ikkje har ført til personskade. Dette ser vi gjerne i media, eller høyrer via verksemder eller personar vi er i kontakt med. Når vi ser til ulukkesstatikkar og tilsynserfaringar, veit vi at ikkje alle ulukker vert meldt til Arbeidstilsynet, sjølv der det er personskade. Vi mistenker difor at det er mørketal også når det gjeld eksplosjonar, og at det skjer langt fleire ATEX-relaterte hendingar i Noreg enn vi er klar over. Og at det difor behov for meir kunnskap om korleis førebygge slike hendingar.

Fleire forskrifter er aktuelle

I Noreg har vi to forskrifter som regulerer området, ei for brukarsida og ei for produktsida.

På brukarsida har vi Forskrift om helse og sikkerhet i eksplosjonsfarlige atmosfærar, som har føresegner for vern av arbeidstakarar og andre personar mot risiko for brann, eksplosjon og liknande hendingar som kan oppstå kor brennbare eller eksplosjonsfarlege stoff finst på arbeidsplassen.

På produktsida har vi Forskrift om utstyr og sikkerhetssystem til bruk i eksplosjonsfarlig område. Denne rettar seg mot produsent, importør og distributør av utstyr som er meint for bruk i slike områder.

Forskriftene vert forvalta av Arbeidstilsynet, DSB og Petroleumstilsynet.

Les mer

Branschorganisationen för producenter, importörer, grossister, återförsäljare och utbildningsföretag för personlig skyddsutrustning.

NSA, Box 22 307, 104 22 Stockholm | Telefon: +46 (0)708-97 67 56

Powered by Brasab