Arbeidstilsynet oppfordrar alle arbeidsplassar til å markere verneombodets dag.

Marker verneombodets dag 22. oktober

2026-10-13

Arbeidstilsynet Nyheiter: Torsdag 22. oktober er verneombodets dag i år. Vi oppfordrar til å bruke dagen til å løfte fram den viktige jobben verneomboda gjer, og til å minne om at verneombodet skal vere ein naturleg del av arbeidsmiljøarbeidet heile året.  

Verneomboda bidreg kvar dag til eit trygt og godt arbeidsmiljø på norske arbeidsplassar. Verneombodets dag 22. oktober er ei anledning til å anerkjenne innsatsen og synleggjere rolla verneomboda har. 

I år løftar vi særleg fram rolla verneombodet har  i det psykososiale arbeidsmiljøet. Verneombodet skal involverast når verksemdene kartlegg risiko, vurderer kva som må gjerast og planlegg tiltak.

Slik kan de markere dagen

Arbeidstilsynet oppfordrar alle arbeidsplassar til å markere verneombodets dag. Det treng ikkje vere stort eller komplisert. De kan for eksempel

  • sette verneombodet si rolle på dagsordenen i eit personalmøte
  • gjennomføre ein HMS-runde saman
  • snakke om det psykososiale arbeidsmiljøet og korleis verneombodet blir involvert
  • løfte fram noko leiinga og verneombodet har fått til saman
  • sjekke om verneombodet har nok opplæring og tid til å gjere jobben

Og ja, det er sjølvsagt lov å spandere kake.

Bruk verneombodet heile året

Det viktigaste er likevel ikkje kva de gjer 22. oktober. Det er korleis verneombodet blir involvert resten av året.

Korleis arbeidet blir lagt opp i kvardagen, har mykje å seie for arbeidsmiljøet. Involver derfor verneombodet når de kartlegg risiko, vurderer behov for tiltak og gjer endringar som kan påverke arbeidsmiljøet.

Gi verneombodet tid og moglegheit til å medverke. Og involver tidleg nok til at verneombodet faktisk kan påverke avgjerdene.

Les mer

Branschorganisationen för producenter, importörer, grossister, återförsäljare och utbildningsföretag för personlig skyddsutrustning.

NSA, Box 22 307, 104 22 Stockholm | Telefon: +46 (0)708-97 67 56

Powered by Brasab