Eksponering for støv som inneheld respirabelt krystallinsk silika (kvarts) kan reduserast betrakteleg med målretta tiltak. Illustrasjonsfoto: Colourbox.

Arbeidstilsynet skal kontrollere arbeid med helsefarleg steinstøv

Dagleg blir fleire tusen arbeidstakarar utsett for kvartshaldig steinstøv, noko som kan forårsake mellom anna lungekreft, allergi og KOLS. I sommar vil Arbeidstilsynet gå på tilsyn i utsette bransjar, hovedsakleg i bygg og anlegg, for å kontrollere om dei førebyggjer at arbeidstakarar blir eksponerte for kvarts.

Eksponering for kvarts skjer i hovudsak ved innanding av steinstøv når ein  handterar kvartshaldig stein og sand, til dømes i samband med gruvedrift, fjellboring og ved knusing av stein. Dei mest utsette næringane for kvarts er tunnel-, byggje- og anleggsverksemd og bergverksdrift.  

Gjennomfører tilsyn i heile landet i sommar

– Sidan kvarts finst i ei rekkje næringar som sysselset mange, antek vi at fleire tusen arbeidstakarar dagleg blir eksponerte for kvarts, seier avdelingsdirektør Rosmari Johnsen i Arbeidstilsynet.

Arbeidstilsynet vil følgje opp utsette bransjar med fleire tilsyn i tida framover. Det vil bli gjennomført tilsyn over heile landet i vår og i sommar, hovudsakleg i bygg- og anleggsnæringa.

– Vi vil mellom anna kontrollere i kva grad verksemdene har kartlagt og risikovurdert førekomsten av kvarts, og om det er sett i verk tilstrekkelege risikoreduserande tiltak, seier Johnsen.

Korleis kan ein unngå eksponering?

Eksponering for støv som inneheld kvarts kan reduserast betrakteleg med målretta tiltak.

– For å redusere eksponering for kvarts, er det viktig at kollektive tiltak som vernar alle arbeidstakarane blir prioriterte fyrst, seier Rosmari Johnsen.

Kollektive tiltak kan vere tekniske tiltak eller organisatoriske tiltak.

Tekniske tiltak for å redusere støveksponering:

  • Arbeidsutstyret er i samsvar med regelverket og utstyrt med oppsamlingssystem
  • Lukka førarhytte med HEPA-filter og overtrykk
  • Vatning for å dempe støvet

Organisatoriske tiltak handlar om god planlegging, organisering og tilrettelegging av arbeidet:

  • Samtidig arbeid og opphald i forureina soner må avgrensast
  • Det er viktig med gode rutinar for drift, vedlikehald og reinhald
  • Arbeidstakarane må få opplæring i gode arbeidsvanar, som til dømes å ikkje dra med støv inn i førarhytte eller på eterom/anleggsbrakke, og å lukke vindauge i førarhytte.

Dersom kvartseksponeringa framleis er for høg etter at tekniske og organisatoriske tiltak er innførte, må arbeidstakarane nytte personleg verneutstyr i form av andedragsvern med P3-filter. Andedragsvern vil ofte vere nødvendig ved sprenging, boring og knusing i byggje- og anleggsarbeid.

Les mer

Branschorganisationen för producenter, importörer, grossister, återförsäljare och utbildningsföretag för personlig skyddsutrustning.

NSA, Box 22 307, 104 22 Stockholm | Telefon: +46 (0)708-97 67 56

Powered by Brasab