Bilden tagen från Youtube-film på Arbeidstilsynets hemsida.

Fleire må førebygge arbeidsrelaterte muskel- og skjelettplager

– På tilsyn ser vi at altfor få arbeidsgivarar jobbar systematisk med å førebygge muskel- og skjelettplager. I år har vi vore på 1265 tilsyn med tema arbeidsrelaterte muskel- og skjelettplager, og vi har avdekt brot hos 7 av 10 verksemder, seier direktør Trude Vollheim i Arbeidstilsynet.

Muskel- og skjelettplager er hovudgrunnen til at mange blir sjukemeldte og uføre i norsk arbeidsliv, og fører til nærmare 10 millionar tapte dagsverk i året. Det viser tal frå NAV. 

– Norske verksemder må få auga opp for kva som kan forårsake og forverre desse plagene, og korleis dei kan førebyggje dei, seier direktør Trude Vollheim i Arbeidstilsynet.  

24.–30. oktober er den europeiske arbeidsmiljøveka, som i år set søkelys på samanhengen mellom arbeidsmiljø og muskel- og skjeletthelse.  

– Snakk med leiaren din om arbeidssituasjonen
Arbeidstilsynet køyrer i desse dagar i gang ein informasjonskampanje om at muskel- og skjelettplager ikkje berre kjem av fysiske belastningar, men også slikt som høge jobbkrav, uklare forventningar og lita moglegheit til medverknad.  

– Vi veit at moglegheita til å påverke arbeidskvardagen sin gir mindre risiko for å utvikle slike plager. Derfor oppfordrar vi arbeidstakarar til å snakke om arbeidet og arbeidsmiljøet med leiaren sin. Samtidig er det ingen tvil om kven som har ansvaret for at arbeidet ikkje skal føre til helseproblem – det ligg hos arbeidsgivaren, seier Vollheim. 

Tilsyn avdekker stort førebyggingspotensial 
Førebygging av muskel- og skjelettplager er eit område Arbeidstilsynet har prioritert å følge opp med tilsyn i 2022 og 2023.  

– På tilsyn ser vi at førebyggingspotensialet her er stort. Vi har vore på 1265 tilsyn med tema arbeidsrelaterte muskel- og skjelettplager så langt i år, og har avdekt eitt eller fleire brot hos 7 av 10 verksemder, seier Vollheim.  

I over 60 prosent av tilsyna fann Arbeidstilsynet brot på krava om å kartlegge og risikovurdere forhold i arbeidet som kan gi muskel- og skjelettplager hos arbeidstakarane. Vi fann ein tilsvarande prosent brot på kravet om å utarbeide ein plan og sette i verk tiltak for å redusere risikoen for muskel- og skjelettplager.  

– Arbeidsgivarar må sjå på heile arbeidsmiljøet for å minske risikoen for at tilsette utviklar muskel- og skjelettplager. Tradisjonelt har slike plager vore knytte til tunge løft og einsidige bevegelsar. No veit vi at plagene og sjukefråværet også kan komme av psykososiale belastningar, som at tilsette ikkje kan påverke korleis dei utfører arbeidet. Det har altfor få arbeidsgivarar tatt innover seg, seier Trude Vollheim. 

Den europeiske arbeidsmiljøveka

  • Den europeiske arbeidsmiljøveka finn stad kvart år i veke 43.
  • I år er fokuset retta mot arbeidsrelaterte muskel- og skjelettplager.
  • Det er EU-Osha, EUs informasjonsorgan for tema knytt til helse og sikkerheit på arbeidsplassen, som står bak veka.
  • I Noreg er det Arbeidstilsynet som koordinerer arbeidet på området. Veka skal auke bevisstheita om betydninga av at arbeidsgivarar tar ansvar for eit aktivt HMS-arbeid der arbeidstakarane medverker og deltar.

Les mer

Handelsorganisationen för producenter, importörer, grossister, återförsäljare och utbildningsföretag för personlig skyddsutrustning.

NSA, Box 22 307, 104 22 Stockholm | Telefon: +46 8 508 938 00

Powered by Branschkansliet