SKJEMA I NY FORM: Som lege skal du melde frå om alle sjukdommar og plagar som du trur kan skuldast arbeidet til pasienten. FOTO: COLOURBOX

Nytt meldeskjema for arbeidsrelatert sjukdom

Alle legar skal melde frå til Arbeidstilsynet om sjukdom dei trur kjem av arbeidet til pasienten. No har skjemaet kome i ny form som gjer det enklare å bruke. 

Ulike skjema for sjukdom og skadar 
Mens det før var eitt og same skjema for både sjukdom og skadar, er dette no to separate skjema;

  • eitt for melding om arbeidsrelatert sjukdom
  • eitt for melding om arbeidsrelatert skade

Begge skjemaa har rettleiing for utfyllinga, og begge ligg på arbeidstilsynet.no.

Send skjemaet til rett mottakar
Legane kan framleis bruke dei same to skjemaa uansett om meldinga gjeld arbeid i landbasert verksemd, på kontinentalsokkelen eller såkalla flygande personell.

Meldinga må sendast direkte til rett mottakar, anten Arbeidstilsynet, Petroleumstilsynet eller Luftfartstilsynet.

Legen skal melde frå om alle plagar som kan skuldast arbeidet
Som lege skal du melde frå om alle sjukdommar og plagar som du trur kan skuldast arbeidet til pasienten. Og du treng ikkje å vere sikker på samanhengen.

– Det er nok at du har mistanke om at sjukdommen har samanheng med arbeidet, seier seksjonsleiar Ørnulf Halmrast i Arbeidstilsynet.

Meld også frå om skadar
I motsetnad til arbeidsrelatert sjukdom, er ikkje legane lovpålagt å melde ifrå om skadar som skuldast arbeidet. Derfor må pasienten tillate at skaden meldast på skjemaet om arbeidsrelatert skade.

– Alle meldingar om sjukdom og skadar er viktig informasjon som vi bruker i det førebyggande arbeidet, seier Halmrast.

Les mer

Branschorganisationen för producenter, importörer, grossister, återförsäljare och utbildningsföretag för personlig skyddsutrustning.

NSA, Box 22 307, 104 22 Stockholm | Telefon: +46 (0)708-97 67 56

Powered by Brasab