Europa: Færre skadar og dødsfall på arbeidsplassen
Korleis har arbeidsmiljøet i Europa utvikla seg over to tiår? EU sitt byrå for sikkerheit og helse på arbeidsplassen, EU-OSHA, har samla saman status og trendar for arbeidsmiljøutviklinga i Europa dei siste 20 åra.
– Rapporten gir eit viktig perspektiv på korleis arbeidsmiljøet har utvikla seg dei siste 20 åra, og vi kjenner att utviklinga også i norsk arbeidsliv. Det er ei vending mot at psykososiale og organisatoriske risikofaktorar får større tyding, seier avdelingsirektør Monica Seem i Arbeidstilsynet.
Her er nokre av hovudfunna:
- Det har vore ein markant nedgang i skadar og dødsfall som følgje av arbeidsulukker sidan 1998 (nær 60 % reduksjon).
- Talet på arbeidstakarar som vert utsette for fysiske, kjemiske, biologiske og ergonomiske faktorar flatar ut. Det same gjer talet på arbeidstakarar som melder frå om ubehagelege arbeidstider, tid- og arbeidspress.
- Fleire arbeidstakarar har arbeid i yrker kor dei jobbar med folk. Vi ser eit skifte der psykososiale risikofaktorar og emosjonelt krevjande arbeid blir meir sentrale.
- Det er ein vidare fragmentering av arbeidslivet, utfordringar med å følgje regelverket og auka fokus på individet sitt ansvar for eige arbeidsmiljø.
Meir emosjonelt stress
Rapporten viser til at det er færre som arbeider manuelt og fysisk, og fleire som jobbar administrativt og mot kundar. Det har vore ein auke i psykososiale og emosjonelle utfordringar, i tillegg til mindre fysisk aktivitet på jobb. Ein aukande del av arbeidstakarane fortel om krevjande kundar, lange arbeidsdagar og dårleg kommunikasjon på arbeidsplassen.
NSA, Box 22 307, 104 22 Stockholm | Telefon: +46 (0)708-97 67 56
Powered by Brasab